En siste hilsen fra Bakketun, hvil i fred Anette💫
Takk for vennskap og gode minner... ❤️ Noen mennesker bærer tyngre byrder i livet enn de fleste andre kunne takle... ❤️🌹Hvil i fred Anette ❤️🌹🕯sal. 34:19
Kjære Anette ❤️
For om lag eitt år sidan tok du kontakt med meg. Det vart starten på eit vennskap eg aldri hadde trudd eg skulle få.
Gjennom utallige samtalar, gjennom chat live og messenger frå morgon til kveld, fekk eg følgje deg gjennom kvardagar og tunge dagar. Eg fekk vere med på bilturar, handleturar, måltid, ambulansereiser, sjukehusopphald og legevisittar. Du ville berre at eg skulle vere der. Me snakka om alt mellom himmel og jord, sladra, song, lo og delte både glede og sorg.
Du sa kvar dag at eg var besteveninna di. Den tilliten rørte meg djupt. Du fortalde meg ting du aldri hadde fortalt til nokon før, og eg er takksam for at eg fekk vere ein du kunne kvile hjartet ditt hos.
Eg såg kor tappert du kjempa, sjølv då sjukdomen tok meir og meir av kreftene dine. Det var godt å få følgje deg heilt fram til du fekk kvila di.
Eg er glad for at eg fekk oppfylle det vesle ønsket ditt om napoleonskake nokre dagar før du sovna inn. Men du hadde òg eitt stort ønskje for meg. Du gledde deg til å få oppleve det saman med meg. Eg håpar av heile hjartet at ønsket ditt ein dag går i oppfylling. Då skal eg tenkje på deg, og eg veit at du vil smile der du er.
Takk for vennskapet, Anette. Eg saknar deg kvar einaste dag, og sorga etter deg er tung.
«Gud skal tørka kvar tåre frå auga deira. Døden skal ikkje vera meir.»
Openberringa 21,4
Kvil i fred, kjære Anette❤️
Randi
Kjære vennen min.
Takk for alle opplevelser vi fikk sammen. Takk for at du alltid beskyttet meg og beklager at jeg ikke klarte å beskytte deg like godt.
Du vil alltid ha en plass i mitt ♥️
Hvil i fred min kjære!
En siste hilsen
Arne og Gro m/fam.
Minna lever!
Siste helsing frå Jorunn, Harøya